17 År

Han hadde gått heile føremiddagen på ein smal og kvitstøvete veg, delvis i skog – men og i nokre strekk med åkrar på begge sider av vegen. Sola hadde vore oppe heile dagen og hadde ingen hindringar på himmelen.

Det var tidleg vår, men i lufta kunne ein kjenne sumaren trenge seg på.

Ennå var det nyfødt grønfarge rundt han, kor han vende seg – livet hang i lufta som dirrande eim av glede, det bobla og det freste av den kommande sumaren, som jo ennå ikkje heilt hadde våga seg fram i dagsljosen.

Den hadde berre snust litt på han, med ytste delen av nasen frå molda han hadde lege i så lenge. Titt tei, sa han.

Frå alt det grøne kom esterar av godlukt, som lett yrregn flaug det innover han, og han supte det i seg som var han ein druknande på havet.

Frå lungene trengde surstoffet inn i blodstraumen, og gjorde runde på runde gjennom lekamen hans. Slik blei det skapt endå ein liten frist for det som er levande på jorderiket.

Ja. Det var vår. Men han gjekk på vegen åleine og han kjende på seg at han trengte til selskap. Var det noko han billte seg inn, eller kom det ei jente gående lett ut frå det tette skogholtet der framom?

Ho kom ut på vegen omlag ti skritt føre han, og skulle visst same vegen. Han og ho var åleine, merka han. Då måtte ein vel seie goddag, eller?

Han såg eit ungt og reint andlet, med store auger, blå, som sveipte over han i løpet av eit eveleg sekund. Jo, ho visste å gjera inntrykk på framandfolk, dette vesenet her!

Han såg ein svai korsrygg, noko som gav jenta eit inntrykk av å vera eit strå som vaia i vinden. Sjølv om det ikkje var eit vinddrag i lufta no. Men der gekk ho, med eit bølgande og svaiande ganglag, det virka som om ho, det vil seie overkroppen hennar, fulgte den ikke-eksisterande vinden sin retning og styrke.

Håret hennar var langt og blondt, og ingenting hindra det i å bølgja lett når ho tok eit steg framover. Og sola gjorde det lyse håretvendå lysare enn det var frå naturen si side, meinte han. Som silketråder i buntar hang det ned, heilt ned til ei slank midje.

Ho hadde ei rund og sterk hofte, som på rette staden gjekk over til to slanke føter,med legger som var fint avrunda. Ikkje ville han opphøye seg til ekspert, men var det ikkjeikkje s den sterke og flekkfrie ungdomen som var ute og gjekk. – Nei, eg ser nok syner, tenkte han. – Eg har saktens vore for lenge åleine!

Jo, han likte det han såg, og vart fylt av undring og glede. Det grøne kring han byrja å bli gult i staden, og godlukta auka i styrke og vart sterkare enn alt anna i heile, vide verda. Han gjekk inn i ei trolsk skodde av intens lukt, ein ange som trengte inn gjennom huden og fylte lekamen frå isse til fot. Det var i grunnen godt å vere menneskje på jorda.

Fram føre han på vegen gjekk ei jente. Og ho var det venaste vesenet han hadde sett og kjent og lukta i heile sitt korte liv. Han hadde aldri vore storlåten og kravstor, han hadde aldri hatt draumar utover det daglege. Men no hadde brått evna til å draume vakna i han.

Så gjekk dei då der på vegen, to pur unge meneskje, som ikkje hadde visst om kvarandre før no. Ho føre han, trippande glad og – virka det som – nøgd med tilværet Han bak, råka av lynet.

Jenta gjekk saktare no, som om ho ville ha han opp på sida. – Å trøste og bære mi feige sjel, eg torer jo ikkje snakke til framand folk, eg. Tenkte guten, og gjekk saktare han og. Det var nesten som om han sto og stampa på same flekken.

– Ho får berre le,tenkte han. – Det har ho både rett og lov til, slik eg eg berer meg åt. Men nesten før han var ferdig tenkt, nådde han henne igjen.

– Goddag, sa han. Goddag, sa ho.

To unge menneskjer hadde treft kvarandre på ein kvitstøvete veg ein dag midt mellom vår og sumar. For fyrste gongen. Slikt skjer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.