Ringdans med Allsang og Angst
(etter spelemannen Ola Uppetterlia frå Tyin, Syngs på Spinndalsdialekt)
Lat me syngja ein trall for global pessimisme.
For angsten og redsla og all anarkisme.
(ta kring kvarandre, tre skritt til venstre, tre skritt til høgre)
Trudelidutantei, trudelidutantei!
Saaaaannn!(høgre flatfot hardt i golvet)
Om véret er godt eller ufsaleg dårleg.
Vinteren er då allikevel vårleg
Trudelidutantei, trudelidutantei!
Saaaannn!
Midt på ein parkbenk i Salisbury- kjerka.
Vil «russen» med giftgass oss svært gjerne kverka
trudelidutantetei, trudeligdutantei!
Saaaannn!
Saudiararaber’ med økser og sager.
La ny vekt til Erdogans svært mange plager.
trudeliduntatei, trudeliduntantei
Saaaannn!
Ka gjer me når born blir til mafiamenn
Og blodet i gatene våre, det renn
trudeliduntantei, trudeligduntantei!
Saaaaannn!
Dei drepe kvarandre på Nørrebro Nord.
Vener drep venn og bror myrder bror
trudeliduntantei, trudeliduntantei!
Saaaaannn!
Trump’en, han sit der, åleine om natta.
Og kommer visst aldri å slutta å pjatta.
Twitteritwittantei, Twitteritwittantei
Saaaaannn!
Putin i øst, åh – han er ikke god,
Han skryt av rakettar som skal øde vårt blod
trudeliduntanteit!, rudeliduntantei!
saaaaannn!
Grannen vår, Ismael har reist til Irak,
og vil drepe oss – kem såg dét komme?
trudeliduntantei! trudeliduntantei!
Saaaaannn!
Me svetter av angst me treng noko leske
og henter eit beger med kveikjeleg væske.
trudeliduntantei!trudeliduntantei!
Saaaaannn!
Me drikk osser fodle sånn mogeleg fort.
Så tida med angsten bler monaleg kort.
Saaaannn!