Liten gut og lita jente,
som nett har lært å gå.
Dei strener ikring,
som konge og dronning
i verda.
Dei har nådd, og går over
enno ei framand grense
på ferda.
Dei er enno enno so yrande små.
Liten gut og lita jente,
som nett har lært å gå.
Det lyser frå augo
av livet som enno er ubrukt
og trygt.
Det finst berre svart eller
kvitt her i verda, berre snilt
eller stygt.
Det er ikkje plass for det grå
For lite gut og lita jente,
som nett har lært å gå.
For guten er dette enno
ein siger han feirer med
sjølvsagt ro
For jenta er gleda denne, at
det som guten kan, ja – det kan
også ho.
Javisst, er dei like gode.
Liten gut og lita jente,
som nett har lært å gå.
Mor og far er berre til
for skamros av guten
og jenta.
Mor og far går varlig fram,
når gode og trygge ord
er venta.
Mor og far får lov å sjå.
Liten gut og lita jente,
som nett har lært å gå.
Så vaklar då guten og jenta
mot andre
og spanande land.
Så legg dei for alvor ut frå
mor eller far si trygge og
varme hand.
Dei let dei roleg få storme på.
Liten gut og lita jente,
som nett har lært å gå.