Du tok feil, Prøysen

Du får ingen dag i morgon
Det er ikkje slik det er
Ein må grei’ ut si eiga våronn
I ei slitsam og blåkald verd
Om du enno ein gong åpner augo
Når ljoset frå dagen vert tend
Så grip han med wbegge nevar
Ligg ikkje tålmodeg og vent

Musklene er ikkje starke
Og huden er kald og våt
Men augo har slutta å verke
Etter din såre gråt
Du skal ikkje tenke attende
Stengt inne i einsemd og sut
Du skal deg mot framtida vende
Og skjula at ryggen er lut

Kjenner du sola som bryter
Seg inn i di trøytte sjel
Der drep ho den delen som syter
Og pleier den andre vel
Du treng ikkje takke og bukke
For sola er tenaren din
Du former di eiga framtid
Når varmen frå sola kjem inn

Han skal ikkje vera din herre
Dagen som vokser fram
Nei, spenn han som hest for di kjerre
Så bruk han då utan skam
Gå djervt ut til livet som venter
Det treng deg nok meir enn du trur
Og krev av det ågerrenter
For den tida det holdt deg i bur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.